Er ein god offiser ein god offiser?

Ei undersøking om yrkesoffiserar si evne til moralsk tenking, yrkesatferd – og læringsfaktorar for moralsk utvikling

Orlogskapteinane Terje Paulsen og Roar Espevik får motorstopp i landsbyen Rilsja under eit CIMIC-oppdrag i Nord-Irak. Landsbybefolkninga reagerer med hissig steinkasting, som dei ofte gjer i møte med utanlandske styrkar. Ein Molotov-coctail vert kasta mot bilen, og ein rasande landsbysjef med høygaffel klar til stikk gir klar melding: «Forsvinn skitne svin. La oss irakere sjølve ordne opp i eigne saker!!!». Kun varselskot og assistanse frå ein tilfeldig passerande amerikansk patrulje reddar situasjonen. 14 dagar seinare opplever regionen den verste kuldeperioden på 25 år. Lokalbefolkninga manglar både ved og mat, og lid sterkt i kulden. På ny tur gjennom Rilsja ser Paulsen at ingen av husa har varme. «Me må sørge for forsyningar av ulltepper og ved til landsbyen», seier Paulsen. «Ikkje tale om», repliserer Espevik.«Vil dei ikkje ha oss, så vil dei ikkje ha oss!»

Korleis kan det forklarast at Paulsen og Espevik fattar ulike beslutningar i forhold til Rilsja? Kvifor vil Paulsen støtte med forsyningar, medan Espevik vil la dei klare seg sjølve? Kva valg er militært sett det beste? Kven framstår her som den mest dugande offiseren? I mitt hovedfagsarbeide frå 1999 spør eg meg om offiserane sin moralske tenkemåte kan forklare skilnader i yrkesoffiserar si yrkesatferd. Eg stiller mellom anna følgande spørsmål:

a) Har evne til moralsk tenking betydning for dugleiksnivået på yrkesutøvinga til yrkesoffiserar i Sjøforsvaret?

b) Kor godt utvikla er offiserane si evne til moralsk tenking samanlikna med andre yrkesgrupper?

c) I kva grad evnar Sjøforsvaret å utvikle offiserane si evne til moralsk tenking?

d) Kva faktorar i læringsmiljøet bidreg eventuelt til å utvikle moralsk tenking, og kva bidreg ikkje?

Eg vil i det følgande gjere greie for nokre av resultata frå den empiriske delen av arbeidet. Eg innleier likevel med ein teori – og metodepresentasjon der eg mellom anna presenterer tankar om moralsk utvikling – og spørsmålet: Kva skal til for å handle moralsk? Sjølve teorigrunnlaget er omfattande. Plassomsyn gjer imidlertid at eg i denne artikkelen velger å «skjære til beinet», med reduksjonisme som mogleg konsekvens1Difor utelet eg og kritikk av teorigrunnlaget, sjølv om teorien er heftig debatert siste 40 åra, og framleis engasjerar både lek og lærd. Ei oversikt over vesentlege deler av kritikken finn ein hjå Rest, 1986;1994;1999 og Kolberg, 1981:1984a og 1984b.. Eg oppsumerer funna med ei drøfting av nokre nøkkelspørsmål.

Den moralske handling

La oss starte med nokre kjernespørsmål: Korleis kan offiserane forbetre si moralske handlekraft? Kva kan Forsvaret gjera for å bidra til utvikling av offiserane sin karakter? Eit overflatisk svar kan vera: Fokuser på kva som skal til for å handle moralsk.

Eg har i periodar undra meg over det eg opplever som teologien sitt noko einsidige fokus på normativ etikk. Kva er den moralske handlemåte, og kvifor? Eg tenker: Kva er hensikten med denne kunnskapen når eg gjerne handlar annleis – trass moralsk innsikt? Paulus beskriv dilemma i Romarbrevet kap. 8:

For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, gjer eg ikkje, og det eg hatar, det gjer eg.

Ein vert kan hende ikkje eit betre menneske sjølv om ein vert professor i moralfilosofi, og heller ikkje betre offiser av å lære seg etiske teoriar og diskutere etiske dilemma? Moralsk handlekraft fordrar med andre ord meir enn moralsk kunnskap og refleksjonsevne.

Interessa vart difor tent då eg via pedagogikken snubla over arbeida til dei amerikanske psykologane Lawrence Kohlberg og James Rest, som begge evnar å kombinere moralfilosofi med atferdsforsking (psykologi) og pedagogikk i sine arbeid. Noko som gjer teoriane praktisk orienterte. Rest (1986, 1994) spør, i motsetnad til det tradisjonelle spørsmålet om kva som er den gode moralske handling: Kva skjer når eit menneske handlar moralsk? Eventuelt: Kva psykologiske mekanismar sviktar når eit menneske ikkje handlar moralsk? Rest postulerer her fire psykologiske prosessar som må samspele for at moralsk atferd skal skje2Rest ser fire psykologiske prosessar som betinging for moralsk atferd: 1. «Moral sensitivity», som handlar om evne til å oppfatte moralske utfordringar i konkrete situasjonar, og kunne forestille seg ulike moralske handlingsalternativ 2. «Moral judgment», der ein i større eller mindre grad evnar å beslutte seg for beste moralske handlingsalternativ 3. «Moral motivation» som handlar om det moralske subjekt si evne til å prioritere moralske verdiar framfor andre (til dømes dilemma mellom «whistle blowing» eller karriere, eller personleg sikkerhet ift livsfarlege men nødvendige militære oppdrag). 4. «Moral character/moral implementation» der den moralske aktør evnar å stå mot sosial motstand, vise mot, vinne gehør og implementere moralsk atferd.. Ein av desse prosessane er evne til moralsk vurdering gjennom moralsk tenking3Merk at Rest (1979) finn at moralsk kognisjon og generell intelligens er relativt adskilte størringar. Høg IQ samvarierar med andre ord lite med evne til moralsk tenking, som igjen framstår som ein distinkt kapasitet.. Denne evnen, definert som den enkelte offiser sin tenkemåte om rettferd er mitt hovedfokus i dette arbeidet (Rest, 1979;1986;1994;1999; Kohlberg, 1981;1984a).

Kohlberg sin teori om moralsk utvikling

Kohlberg er talsmann for ein universell og ikkje-relativistisk moral, og nøler ikkje med å skille mellom meir eller mindre utvikla moralsk tenking (Kohlberg, 1981). Etter inspirasjon frå Sokrates definerar han moral som rettferd (ideale form for dyd). I følge Kohlberg er våre meir eller mindre moralske handlingar eit resultat av våre grunnleggande rettferdskonsept4Kohlberg ser i motsetnad til Rest ein meir direkte samanheng mellom moralsk tenking og atferd (Kohlberg/Candee, 1984).. Min tenkemåte om kva som er rettferdig vert med andre ord avgjerande for mi evne til moralsk vurdering og atferd slik Kohlberg ser det.

Kohlberg konkretiserer seks utviklingsnivå for moralsk rettferdstenking, der dei lågaste nivåa representerer den minst utvikla tenkemåten (Kohlberg, 1984a). Ein offiser som har ein moralsk tenkemåte representert ved nivå 3 har då mindre forutsetnader for god moralsk tenking (og handling) enn ein som befinn seg på nivå 5. Dei seks rettferdskonsepta vert operasjonaliserte gjennom Rawles «theory of justice», som prøver å beskrive betingingane for eit forpliktande og godt sosialt samarbeide i eit samfunn (Rawles, 1971; Rest,1979). For Kohlberg skjer moralsk utvikling når ein endrar sin grunnleggande måte å tenke rettferd på, slik at tenkinga vert meir kompleks. Dette skjer når ein offiser bevegar seg frå eit utviklingsnivå til nivået over5Medan Kohlberg hevdar at me kun kan vere på eit utviklingsnivå om gangen, hevdar Rest at dette er situasjonsavhengig, og at me kan bruke meir avansert tenking i nokre situasjonar, avhengig av kompetanse. Moralsk utvikling for Rest vert når me totalt sett nyttar tenking på høgre nivå enn før (Rest, 1979)..

Eit vesentleg poeng for Kohlberg er hans skilje mellom struktur og innhald. Rettferdskonseptet vert for Kohlberg tankestrukturar som styrer (og begrensar) vår konkrete moralske vurdering – og handling (Kohlberg, 1981; Rørvik,1989). Eit kart kan tjene som illustrasjon av dette poenget. Dess meir detaljert kartet er, dess meir presis og god vert navigasjonen i forhold til konkret terreng. Kohlberg sine seks utviklingsnivå kan oppfattast som seks moralske kart over rettferd. Dess meir detaljert og nyansert kart, dess betre moralsk navigering og tenking (høgre nivå = betre kart). Kor godt offiseren handterar den moralske situasjonen vil då i følge Kohlberg vera avhengig av kva «moralkart» som rettleder tenkinga hans. Rest vil her kunne supplere med å hevde at gode kart er til lite nytte om navigatøren er blind (moral sensitivity), eller heller ønsker å spele kort enn å navigere (moral motivation), eller sist, lar seg overtale eller presse til å styre andre kursar enn dei han veit er rette (moral character). Altså: Moralsk tenking er kun eit steg på vegen til moralsk handling.

Kohlberg sine seks nivå for moralsk utvikling

Kva er så skilnaden på meir eller mindre moralsk tenkemåte? Kohlberg skiljer moralsk utvikling i tre hovednivå, begrepsfesta som prekonvensjonell, konvensjonell og postkonvensjonell tenking. Desse deler han kvar i to undernivå, slik at me står igjen med seks nivå i vår moralske utvikling (Kohlberg, 1981). Rest oppsumerer dei seks moralske utviklingsnivåa på følgande måte (Rest, 1994):

Six stages in the Concept of Cooperation

Stage 1 The morality of obedience: Do what you’re told.

Stage 2 The morality of instrumental egoism and simple exchange: Let’s make a deal.

Stage 3 The morality of interpersonal concordance: Be considerate, nice, and kind: you’ll make friends.

Stage 4 The morality of law and duty to the social order: Everyone in the society is obligated to and protected by the law.

Stage 5 The morality of consensus-building procedures: You are obligated by the arrangements that are agreed to by due process procedures.

Stage 6 The morality of nonarbitrary social cooperation: Morality is defined by how rational and impartial people would ideally organize cooperation.

I følge Kohlberg er Nivå 1 i praksis rein underordning. Her vil det moralske subjekt handle slik han må for å unngå straff. Min moral vert her det du seier eg skal gjere, og målet for mi moralske handling vert å unngå sanksjonar for meg sjølv. Nivå 2representerer eit noko breiare sosialt perspektiv. Tenkinga her er imidlertid prega av instrumentell egoisme, der moralen vert del av eit bytteforhold, «like-for-like». Eg handlar mot andre slik dei har gjort seg fortente til ved sine motytingar.

Moralsk tenking på Nivå 3 er igjen prega av eit ønske om å opprettholde relasjonar.Det som er rett og rettferdig er dei handlingane som for meg bidreg til å ivareta mine personlege relasjonar. Mitt moralske ansvar strekker seg med andre ord ikkje lenger enn til vener og personar eg ønsker gode relasjonar med.

Nivå 4 kan kallast «lov og rett» tenking. Her favnar det moralsk ansvaret heile samfunnet. Også dei ein ikkje kjenner. Ei moralsk rettferdig handling vert her å handle i overeinsstemming med lover og reglar, som gjeld for alle, og vise lojalitet ovanfor legitime autoritetar. Noko som vil sikre stabilitet og orden. Spørsmålet vert imidlertid: Kva skjer om lovene i seg sjølv er vonde (jfr. hitlertyskland sine rasediskrimineringslover)?

Når ein utviklar seg frå nivå 4 til nivå 5 hevar ein seg over sosial konformitet. Ein offiser på Nivå 5 viderefører samfunnsperspektivet frå nivå 4, men har ei reflektert forståing av at eit samfunn kan styrast av ulike lov- og rollesystem. Moralsk tenking må difor fokusere på lovdanningsprosessen og dei prinsipp som formar det lov- og rollesystemet eit samfunn har. Ei moralsk rettferdig handling vil her harmonere med demokratisk utforma lover og reglar. Men spørsmålet blir: Er mindretalet sine rettar ivaretekne i den demokratiske prosessen? Nivå 6 adresserer spørsmålet når ein ser utover lovdanningsprosessen. Det moralske spørsmålet vert her korleis rasjonelle og upartiske menneske vil organisere samarbeid i eit samfunn. Kva prinsipp ville eit rasjonelt samfunn ynskje seg for styring av samarbeidet i samfunnet? Moral vert her handling i overeinstemming med slike abstrakte prinsipp, som er uavhengig av folkeopinion og trendar (tildømes Kant sitt «kategoriske imperativ»). Her tenker ein med andre ord som ein reflektert moralfilosof.

Kva vert då moralsk rett? I følge «Nivå 2 offiseren» : «Det som gagnar meg sjølv mest». «Nivå 3 offiseren»: «Den handlinga som gjer at eg beheld mine venner». «Nivå 4 offiseren»: «Det som står i reglementet». «Nivå 5 offiseren»: «Det som demokratiske reglar føreskriv». «Nivå 6 offiseren»: «Det eit upartisk og rasjonelt menneske vil hevde er universelt godt». Eit aktuelt spørsmål viare er: Kva type offiserar finn me i Sjøforsvaret?

Metode og verktøy

Utval

Datamaterialet er innsamla ved kvantitativ forskingsmetode. Utvalet består av 64 yrkesoffiserar frå Sjøforsvaret i alderspennet 24 til 60. 25 prosent av utvalet tenestegjorde på fartøy. I deler av undersøkinga opererar eg med ei deling av utvalet i ei «yngre» og ei «eldre» gruppering, der «yngre» er opp til 38 år. Respondentane vart selekterte gjennom stratifisert tilfeldig utval utført av Sjøforsvarsstaben, med selektering på alder, bransje og tenesteerfaring for ønska spredning, og representativt utval for generaliseringar.

Verktøy

Evne til moralsk tenking er målt med den norske versjonen av Rest sin Defining Issues Test (DIT), omsett til norsk av Bergem (Rest, 1979; Bergem, 1985). Testen måler offiserane sin moralske tenkemåte/utviklingsnivå, og består av seks dilemma med tilhøyrande 12 argument som respondentane vektar og rangerar. Validitet og reliabilitet er vurdert som god for testen (Rest, 1979;1999) . Eg nyttar to resultatindeksar; henhaldsvis «P-score» og «Nivå-4». «P-score» indikerar i kva grad den enkelte offiser nyttar seg av dei to øvste nivåa i Kohlberg sin modell i vurdering av moralske dilemma (nivå 5 eller 6). «Nivå-4» indeksen er eit uttrykk for i kva grad den enkelte nyttar «lov og orden tenking», representert ved Kohlberg sitt nivå-4.

Yrkesatferd er i hovedsak målt med offiserane sine tenesteuttalingar, innsamla for dei siste to åra for å motvirke vilkårlege evalueringar. Validiteten og reliabiliteten er her meir diskutabel, men eg meiner den diskriminerer nok til å gje eit grovt bilete av den enkelte. Ut over dette nyttar eg eit sjølvutvikla spørreskjema for innsamling av bakgrunnsdata for å avdekke eventuelle faktorar som kan tenkast å ha innverknad på moralsk utvikling.

Resultat og drøfting

Eit spørsmål i den følgande resultatpresentasjonen er kor godt utvikla evne til moralsk tenking me finn blant offiserane. I forlenginga av dette spør eg om sosialiseringa og utdanninga offiserane er eksponert for har positiv effekt på deira moralske tenkemåte. Kva faktorar har til dømes positiv innverknad på offiserane si moralske tenking? Og svært sentralt: Har offiserane sin moralske tenkemåte betydning for kvaliteten på yrkesutøvinga? Altså: Er dei mest dugande moralske tenkarane også dei beste offiserane?

Offiserane si evne til moralsk tenking

Kor godt utvikla evne til moralsk tenking finn me hjå offiserane? For å avklare dette kan me samanlikne resultata med andre studiar.

Av tabell 1 under ser me at yrkesoffiserane si evne til prinsipiell moralsk tenking (Nivå 5 og 6 i Kohlberg) synest å ligge til dels markant lågare enn andre grupper det kan vera naturleg å samanlikne med. Eg merkar meg særleg at offiserane synest å ha dårlegare utvikla evne til prinsipiell moralsk tenking enn både norske høgskulestudentar og West Point kadettar. Samanlikna med til dømes juss-studentar og statsviterar er skilnadane igjen svært store. Dette betyr at offiserane sin tenkemåte i møte med konkrete moralske dilemma er enklare og mindre moralsk i sin karakter enn til dømes blant legar og sjukepleiarar. Noko som intuitivt kan få ein til å stusse noko over kor godt skodde yrkesoffiserane er til å møte yrkesetiske utfordringar. Med andre ord i kva grad dei er i stand til å fatte velgrunna og gode moralske beslutningar. Ein kan og spørre seg om kva orsaka er til at offiserane scorer så lågt. Kan orsaka vera at befalsaspirantar med lågt utvikla moralsk tenkemåte vert foretrukke i seleksjon på befalsskulen? Eller kan det ha å gjera med at sosialiseringsprosessen i Sjøforsvaret i liten grad stimulerer moralsk kognitiv utvikling?

Tabell 1:
Oversikt over ulike grupTabellper sin P-skåre.

pacem-1-2004-kjellevold-olsen-fig-1

Utviklingseffekt

La oss sjå nærare på spørsmålet om i kva grad Sjøforsvaret bidreg til å stimulere offiserane si evne til moralsk tenking. Av tabell 2 under ser me at eldre offiserar i noko større grad nyttar sjølvstendig, kritisk og prinsipiell moralsk tenking enn sine yngre kollegaer. Det er imidlertid ikkje snakk om signifikant skilnad. Noko som også gjeld for «lov og rett» – tenking (Nivå 4).

Tabell 2:
Evne til moralsk tenking (P-skåre og Nivå 4) for eit utval av yrkesoffiserar i Sjøforsvaret

pacem-1-2004-kjellevold-olsen-fig-2

Det er med andre ord ikkje grunnlag for å hevde at eldre offiserar generelt har betre utvikla evne til moralsk tenking enn dei yngre. Heller ikkje at dei eldre er meir «firkanta» og regelbundne i moralske spørsmål. Noko som for øvrig er normale utviklingstrekk i følge Rest (1979), sidan vaksne gjerne stagnerar i moralsk kognitiv utvikling i løpet av 20-åra, med ei utflating etter avslutta utdanning. Det som imidlertid kan vurderast som kritisk i forhold til yrkesoffiserane i denne studien er at nivået på den moralske tenkemåten i utgangspunktet er lågt. Offiserane har med andre ord ikkje nådd særleg høgt nivå før dei flatar ut, samanlikna med andre grupper.

Ser me på spredningsmåla finn me imidlertid interessante utslag. Me ser at høgste og lågaste «P-score» er henholdsvis 70 mot 8%, og 58 mot 3% for «Nivå 4». For «Nivå 4» indikerar dette på eine ytterkanten ein offiser som alltid søker regelverket for svar, og på andre kanten ein som aldri gjer dette. Me kan her berre spekulere i kva konsekvensar slik ulikskap i moralsk tenkemåte kan få for t.d. samarbeide.

Spørsmålet er imidlertid kva desse resultata seier om sosialiseringseffekten. Den marginale skilnaden i måleresultat mellom yngre og eldre offiserar indikerar liten grad av stimulering og utvikling av moralsk tenking i løpet av tenesta. Det skjer med andre ord liten endring i moralsk tenkemåte frå aspirantperioden til offiserane går av med pensjon6Upubliserte målingar på SKSK KS 1 og KS 2 kull på Sjøkrigsskolen i 2000 og 2003 underbygger dette då det ikkje er skilnad på målenivå mellom dei yngre KS 1 kadettane og dei eldre KS 2 kadettane.. Noko som igjen kan bety at korkje militær utdanning eller tenesteerfaring generelt stimulerer moralsk kognitiv utvikling.

Målingane viser imidlertid store skilnader innbyrdes mellom offiserane. Nokre har svært godt utvikla moralsk tenkemåte, medan andre har oppsiktsvekkande umoden tenking. Spørsmålet er om desse skilnadane mellom offiserane kan forklarast. Er dei tilfeldige, eller har element i læringsmiljøet betydning?

Læringsfaktorar7Eg velger her ut frå plassomsyn kun å referere resultata verbalt (Sjå Kjellevold Olsen, 1999, for tabellar).

Skilnadane i moralsk tenking kan altså henge saman med at offiserane til dømes har ulik utdanningsbakgrunn eller tenesteerfaring. Spørsmålet er om det er enkeltfaktorar i yrkesoffiserane sitt læringsmiljø som bidreg til utvikling av deira moralsk tenking. Resultata under seier nokor om faktorar som: a) demografiske forhold b) tenesteerfaring c) utdanning d) etikkundervisning, livssyn og humanitært engasjement kan forklare skilnadane i moralsk kognitiv utvikling.

A. Demografiske forhold

Me finn som nevnt over at alder ikkje har betydning for offiserane sin moralske tenkemåte. Resultata viser heller ikkje skilnad mellom mannlege og kvinnlege offiserar. Noko som talar mot Gilligan sin teori om at menn tenker moralsk i rettferdskategoriar, medan kvinner i staden vurderer moralske spørsmål ut frå omsorgskategoriar (sjå Rest,1986). Materialet indikerar imidlertid at yngre offiserar som er gifte eller sambuande, og i tillegg foreldre, har betre utvikla evne til prinsipiell moralsk tenking enn offiserar utan slik tilknyting. Dei «single» offiserane er på si side markant meir prega av «lov og rett» tenking (nivå-4), der moralske spørsmål vert avgjort ved vektlegging av gjeldande lover og reglar. Det kan med andre ord synast som at forpliktande og vedvarande sosiale erfaringar som ekteskap og foreldreskap utvidar offiserane sitt moralske perspektiv og tenkemåte.

B. Tenesteerfaring

Eit generelt (og for meg overraskande) funn er at korkje tenesteerfaring eller bransjetilhøyring kan forklare skilnader i moralsk tenking. Ein kunne tenke seg at operative offiserar, gjerne med lang leiarskapserfaring, har betre utvikla moralsk tenking enn offiserar frå andre bransjar. Resultata syner imidlertid nærmast ein motsett tendens, der operative offiserar er mindre prega av prinsipiell moralsk tenkemåte, og meir fokuserte på lover og reglar (Nivå 4) enn øvrige bransjar. Når det gjeld skuleteneste, og uventa nok også utanlandsteneste, finn eg ingen samvarians med moralsk tenkemåte.

Stabsteneste skil seg derimot ut i forhold til anna tenesteerfaring. Materialet indikerar at dei offiserane som har lengst stabserfaring har betre utvikla evne til moralsk tenking enn dei med lite stabserfaring. Dette gjeld særleg blant dei yngre offiserane. Dei erfarne stabsoffiserane brukar (kan hende overraskande nok) også mindre «stivbeint» regeltenking (Nivå 4) i møte med moralske dilemma enn kollegaer med lite stabsteneste. Eit interessant spørsmål som fell utanfor dette arbeidet er kva det er med stabstenesten som gjev denne positive effekten. Kravet om å sjå fleire partar sine perspektiv, og jamn kontakt med mange ulike aktørar med differensierte behov og ønsker kan vere ei orsak (aktørkompleksitet).

C. Utdanning

Rest og Narvaez (1994) konstaterer i ei forskingsoppsumering at formell utdanning normalt sett har sterk positiv effekt på moralsk kognitiv utvikling. Det er med andre ord grunn til å forvente at Sjøforsvaret sine utdanningstilbod stimulerer moralsk tenkemåte. Resultata viser imidlertid noko anna, som antyda over. Til dømes finn me at dei yrkesoffiserane som har gjennomført Sjøkrigsskolen KS 1 har mindre utvikla evne til moralsk tenking enn dei som ikkje er utdanna ved SKSK. KS 1 synest med andre ord ikkje å stimulere offiserane si moralske tenking. Noko som skil Sjøkrigsskolen frå mykje anna universitets- og høgskuleutdanning (ibid;Bridges og Priest, 1984).

Dette harmonerar med at eg heller ikkje finn samanheng mellom kadettane sin «P-score» og hovudkarakter ut frå SKSK. Evne til prinsipiell moralsk tenking slår med andre ord ikkje ut i form av positive fag – og/eller offisersevalueringar. Ser ein på hovudkarakteren frå befalsskulen er forholdet tvert i mot at dei elevane som har best utvikla evne til prinsipiell moralsk tenking går ut med dei svakaste hovudkarakterane. Befalselevar prega av konformitet gjennom «lov og rett» tenking («Nivå-4») vert derimot vurderte som dei mest dugande. Det kan med andre ord synast som BS premierar atferd knytta til «lov og rett» tenking. Eit kritisk spørsmål vert då om ein evaluerer rett. Om dei viktigaste kapasitetane vert målt når ein skil dei lovande frå dei mindre lovande unge offiserane.

På den andre sida finn eg at dei offiserane som har gjennomført Stabsskolen del II har meir utvikla evne til moralsk prinsipiell tenking enn andre. Ein positiv tendens eg og finn hjå offiserar som i tillegg til militær utdanning har teke sivil utdanning på høgskulenivå. Desse offiserane viser også mindre grad av nivå-4 tenking, der reglar og lover står i sentrum for den moralske beslutningsprosessen. Både Stabsskolen del II og militær – sivil utdanning synest med andre ord å stimulere offiserane si moralske tenking.

D. Etikkundervisning, livssyn og sosialt engasjement

Korkje mengde motteke etikkundervisning eller grad av kontakt med Feltprestkorpset forklarer skilnader i evne til moralsk tenking i følge mine data. Offiserar som oppgir at dei har hatt relativt mykje etikkundervisning, har med andre ord ikkje betre utvikla moralsk tenking enn offiserar som oppgir at dei i liten grad har delteke. Eg finn imidlertid at dei offiserane som etter eiga vurdering er mest engasjerte i humanitære og politiske spørsmål, også er dei med mest utvikla moralsk tenkemåte (høgast P-score). Offiserane si livssynsorientering eller eventuelle religiøse oppvektsbakgrunn synest derimot ikkje å ha betydning.

Evne til moralsk tenking og yrkesatferd

Me har no sett at offiserane har relativt lågt utvikla evne til moralsk tenking, og at sosialiseringsprosessen i Sjøforsvaret i begrensa grad stimulerer den moralsk kognitive utviklinga. Spørsmålet viare er om dette spelar noko rolle. Har evne til moralsk tenking betydning for kor godt offiserane utfører yrket sitt? Er det slik at godt utvikla moralsk tenkemåte er sentral ballast for offiserar?

Me ser av tabell 3 under ein klar samvarians mellom offiserane si evne til prinsipiell moralsk tenking og kvaliteten på yrkesutøvinga deira (målt med tenesteuttalinga). Det vil sei at dei offiserane som vert evaluerte som dei som tek mest ansvar, meistrar best, viser best vurderingsevne, har best heilskapsoversikt og best skriftleg språkføring også er dei som har best utvikla moralsk tenkemåte. Desse variablane er i følge faktoranalyse (unntak skriftleg språk) også dei variablane som i sterkast grad påverkar den samla «hovedinntrykk» vurderinga på tenesteuttalinga. Noko som tyder på at desse eigenskapane også vert vurderte som viktigast i offiserane si praktiske yrkesutøving.8Faktoranalyse gir fire «cluster» for tenesteuttalinga. Noko som tyder på at evalueringa kun diskriminerer på fire aspekt ved yrkesutøvinga, og ikkje 10 aspekt slik antalet variablar gjev inntrykk av. Fleire variablar måler med andre ord omtrent same type atferd (Kj. Olsen, 1999).

Tabell 3
Samanhangen mellom evne til moralsk tenking og evaluert yrkesatferd
** p< .05 * .15> p >.05 (tendens, men ikkje signifikant)

pacem-1-2004-kjellevold-olsen-fig-3

Me ser og at dei offiserane som gradsmessig har gjort best karriere også er dei med best evne til moralsk tenking. Det er med andre ord sannsynleg at ein kommandørkaptein har betre evne til prinsipiell moralsk tenking enn sine jamnaldrande kollegaer på tildømes kapteinløytnantnivå.

Kva då med dei variablane som ikkje samvarierar med moralsk tenking? Her finn me variablane lederskap generelt, faglig dugleik, kreativitet og muntlig språkføring. Her stussar eg særleg over at lederskap ikkje samvarierer. Er det slik at godt leiarskap er uavhengig av moralsk tenkemåte? Anna forsking talar mot dette (sjå Turner m.fl. 2002). Faktoranalyse viser og at lederskapsvariablen på TU’en i liten grad synest å påvirke heilskapsinntrykket av offiseren.

Oppsumering og utsyn

Kva forklarar samanheng mellom moralsk tenking og yrkesatferd?

Kvifor vert offiserar prega av sjølvstendig, kritisk og prinsipiell moralsk tenkemåte i hovedsak vurderte som meir kompetente enn offiserar prega av «lov og rett» tenking?

Ei nærliggande forklaring kan vera at dei mest utvikla moralske tenkarane også handlar mest moralsk. Forsking viser imidlertid at det ikkje er direkte samanheng mellom evne til moralsk tenking og atferd (Rest, 1986). Til dømes kan det tenkast at både Hitler og Moussilini hadde god evne til etisk refleksjon utan at dette nødvendigvis prega deira handling. På den andre sida viser Kohlberg at mennesker med høg P-score i større grad føler ansvar for å handle i overeinstemming med moralsk tenking enn lågare nivå (Kohlberg/Candee, 1984). Blasi (1980) synest å bekrefte dette når ho finn ein klar, men ikkje særleg sterk, samanheng mellom moralsk kognitiv utvikling og atferd. Med andre ord: Evne til moralsk atferd kan vera ei delforklaring.

Imidlertid kan forholdet og vera nærast motsett. Haidt (2001) hevdar at rasjonell moralsk tenking tener som (bort) forklaring av moralske beslutningar som først fattast intuitivt og ubevisst. Evne til moralsk tenking kan difor forklarast som evne til å forsvare meir eller mindre gode beslutningar på ein rasjonell måte, og i dette også manipulere omgivnadane. La oss difor sjå litt nærare på skjæringspunktet mellom moralsk tenking og atferd. Kva føl i kjølvatnet av meir eller mindre godt utvikla moralsk tenking?

Konsekvensen av begrensa evne til moralsk tenking

Evne til moralsk tenking kan som antyda tene som despoten sitt våpen. Sjølv dei verste overtramp kan pakkast inn i eit etisk språk som gjer at det vonde framstår som tilsynelatande godt. Spørsmålet er om offiserane med godt utvikla evne til moralsk tenking brukar dette manipulerande, som igjen resulterer i gode tenesteuttalingar. Sjølv vil eg her kort argumentere for det motsette synet, i tråd med forskinga som viser positiv samanheng mellom moralsk tenkemåte og moralsk atferd. Det gjer eg ved å spekulere i tre negative konsekvensar knytta til lågt utvikla moralsk tenking9Her kunne fleire forhold vore diskutert. Mellom anna viser Turner m.fl. (2002) positiv samanheng mellom prinsipiell moralsk tenkemåte og transformasjonsledelse. Me finn og samanheng mellom moralsk tenkemåte og god klinisk praksis blant både sykepleierar, legar, vetrinærar og lærarar (Rest, 1986; 1994). Shields og Bredemeier finn til dømes at basketballspelarar med lite utvikla moralsk tenkemåte framstår som meir aggresive enn medspelarar med godt utvikla moralsk tenking (sjå Rest, 1994)..

a) Mangelfull beslutningstaking i ustrukturerte, dynamiske og kaosliknande situasjonar, med konflikteskalering og svekka tillit som konsekvens.

Ein offiser med god moralsk tenke – og vurderingsevne vil ha kapasitet til å «fylle ut» til dømes ein ROE i komplekse situasjonar der regelsettet ikkje dekkar situasjonen fullt ut. Ein offiser som tenker moral ut frå kva ordrar som er gitt (nivå 4) vil kunne ty til regelverk som ikkje er tilpassa situasjonen, med uklok og gjerne umoralsk handling som følge. Denne lave kognitive fleksibiliteten kan i verste fall bidra til konflikteskalering, og svekka tillit til norske styrkar (jfr. «den strategiske soldat») . Me kan her tale om to ulike offiserstypar i sving: handtverkaren som føl tegninga, og kunstnaren som kan handtverket men også improvisere når naudsynt.

b) Umoralsk atferd, særleg under konformitetspress.

Fleire forskingsprosjekt viser samanheng mellom lite utvikla moralsk tenkemåte og moralske overtramp (Rest, 1979;1986). Kohlberg (med Candee,1984) undersøkte til dømes respondentane i Milgramstudien10Milgram undersøkte i kva grad respondentar ville påføre andre støt som følge av autoritetspress., og fann at dei respondentane som nekta å gi støt til «forsøkspersonane» hadde betre utvikla evne til moralsk tenking enn dei som lot seg påvirke til å gi livsfarleg dose. Det kunne med andre ord sjå ut som moralsk tenkemåte var avgjerande for i kva grad dei lot seg manipulere til å utføre overgrep. Ein tendens han og fann blant dei amerikanske soldatane som deltok i May Lay massakren i Vietnam. Ponemon og Gabhart (1994) finn på si side at revisorar med låg evne til prinsipiell moralsk tenking i større grad «lekk» sensitiv informasjon, i større grad lar seg presse, i større grad manipulerer med timelister og i mindre grad evnar å avdekke overtramp enn kollegaer med meir velutvikla moralsk vurderingsevne.

c) Auka grad av Post Traumatic Stress Disorder.

Berg m.fl. (1994) finn at evne til moralsk tenking ha betydning for i kva grad ein vert råka av PTSD i etterkant av militære operasjonar. Resultata kjem fram i ein studie av vietnamveteranar. Her finn dei at veteranane med lågast utvikla moralsk tenkemåte er signifikant meir råka av PTSD enn dei med høgare utviklingsnivå (alle med høg grad av kampeksponering). Spørsmålet vert korleis dette kan forklarast. Berg og hans kollegaer spekulerer i to forklaringar: 1. Høgre kognitiv moralsk utviklingsnivå kan forklare mindre deltaking i overgrep mot til dømes sivilbefolkning (som lettar byrden etter krigen) 2. Høgre moralsk kognitiv kapasitet bidreg til betre bearbeiding av krigserfaring i etterkant.

Quo vadis?

Denne undersøkinga indikerar for det fyrste at evne til moralsk tenking utgjer ein viktig kompetanse for yrkesoffiserar. Viare tyder studien på at offiserar i Sjøforsvaret har ein veg å gå i forhold til moralsk tenking og vurdering. Studien syner og at Sjøforsvaret bør utvikle si organisatoriske evne til å stimulere offiserane si moralske tenking – ikkje minst som ledd i profesjonsutdanninga. Generalinspektøren i Sjøforsvaret synest å dele noko av dette synet når han finn det naudsynt å etablere ei arbeidsgruppe våren 2000, med mandat å

utvikle en handlingsplan med sikte på å bevisstgjøre Sjøforsvarets yrkesbefal om befalsrollen, det å være leder, i fred, krise og krig, herunder de etiske og moralske spørsmål knyttet til det å skulle iverksette og utføre krigshandlinger (FO/SST, 2001).

Er situasjonen imidlertid så dyster som skissert her? Mest sannsynleg ikkje. Norske styrkar frå alle forsvarsgreiner gjennomfører slik eg forstår det stadig vellukka operasjonar, ofte i svært krevande operasjonsklima, ikkje minst etisk sett. Ting fungerar på mange måtar godt der det tel som mest. Er det då vits å stresse seg opp over moglege verdibristar og varierande moralsk vurderingsevne? Kan hende ikkje. Men kvifor ikkje være føre var? Kompleksiteten i operasjonane aukar. Konsekvensane ved overgrep og feilsteg på taktisk nivå kan være katastrofale. Moralsk karakter og vurderingsevne kan vise seg som eit kraftig våpen «når freden skal vinnast» (sjå Mæland, 2002). Med dette som bakteppe dristar eg meg avslutningsvis til fem forslag, bygd på eigen erfaring, som eg trur vil kunne bidra til ytterligare forbetring av profesjonsutviklinga i Forsvaret:

  1. Moralutvikling bør integrerast sterkare i praktisk leiarutvikling og øvingsaktivitet (ut av klasserommet). Dette kan gjerast ved at ansvaret for etikk og moralutvikling vert meir fordelt mellom fagmiljø, og ikkje som eit reint Feltpreskorps-foretak.
  2. Karakterutvikling bør operere med konkrete målsettingar, så langt som råd. Ein bør søke å utvikle ein heilskapleg modell for yrkesetikk i Forsvaret, som integrerar atferdsfag og militære fag med meir tradisjonelle filosofiske fag (sjå FO/SST, 2001). Utgangspunktet for modellbygginga kan være spørsmålet: «Kva skjer når ein offiser handlar slik han bør, og ikkje slik han ikkje bør?» Rest sin «4-komponent»–modell for moralsk atferd kan vera eit godt utgangspunkt (Rest, 1984, 1986, 1994).
  3. I forlenginga av spørsmålet: «Kva skjer når ein offiser handlar slik han bør?», bør følgande spørsmål stillast: «Kva kan Forsvaret gjera for at dette skjer?» Korleis drive god moralutvikling? Korleis trene, vegleiie og undervise rett – slik at det virkar? Eg etterlyser med andre ord ein meir aktiv didaktisk refleksjon og læringsprosess i forhold til karakterutvikling.
  4. Eit problem knytta til karakterutvikling er å konkretisere mål. Like vanskeleg er det å realisere måla, bygge «den gode karakter». Eit spørsmål gjenstår imidlertid: Korleis veit me om utdanninga virkar? Korleis veit me at det me gjer, til dømes i etikkundervisninga på SKSK, har nokon hensikt? Spørsmålet vert med andre ord: «Korleis måle utvikling?» Ei utfordring vert å identifisere og utvikle relevante måleindikatorar (der ting kan målast). Eg trur ikkje me her skal frykte psykologiske mål, som t.d. EQ, moral sensitivity, verdimål, holdningsmål, personlegdom og identitet som bidrag i karakterbygginga. Både som hjelp til konkretisering av utdanningsmål og utviklingsindikatorar. Sjølvsagt i erkjenning av at ikkje alt som er viktig kan målast.

Litteraturliste

Berg, G.E/Watson, C.G./Nugent, B/Gerahart,L.P/Juba.M (1994): «A comparison of combat’s effects on PTSD scores in veterans with high and low moral development.» I Journal of Cclinical Psychology, Sept 1994, Vol 50, No 5.

Bergem, T. (1995): Tjener – aldri Herre. Om lærerutdanning og yrkesetiske holdninger. Bergen: NLA-Forlaget.

Bergem, T. (1986): «Teachers’ Thinking and Behavior. An Empirical Study of the Role of Social Sensitivity and Moral Reasoning in the Teaching Performance of Student Teachers». Scandinavian Journal of Educational Research, nr 30, s 193-203.

Bergem, T. (1985): Sakens kjerne. Manual. Bergen. NLA-Forlaget.

Bergem, T. (1984): «The Development of a Norwegian Equivalent of the Defining Issues Test. An Objectve Test of Moral Judgement Development.» Minneapolis (upublisert artikkel).

Blasi, A. (1980): «Bridging Moral Cognition and Moral Action: A Critical Review of the Literature.» Psychological Bulletin, Vol. 88, No. 1.

Bridges, C./Priest, R. (1983): Development of Values and Moral Judgements of West Point Cadets. Intern raport nr. USMA-OIR-83-002 for United States Military Academy/West Point. New York.

Forsvarets overkommando/SST (2001): Rapport fra arbeidsgruppe «Holdningar i Sjøforsvaret».

Haidt,J. (2001): «The Emotional Dog and Its Rational Tail: A Social Intuitionist Approach to Moral Judgement.» I Psychological Review, 2001, vol 108, No 4, 814-834.

Kohlberg, L (1984a): The Psychology of Moral Development. The nature and Validity of Moral Stages. Essays on Moral Development 2. San Fransisco.

Kohlberg, L (1984b): Education and Moral Development: Moral Stages and Practice. Essays on Moral Development 3. San Fransisco.

Kohlberg, L (1981): The Philosophy of Moral Development. Moral Stages and the Idea of Justice. Essays on Moral Development 1. San Fransisco.

Kohlberg,L./Candee, D. (1984): «The Relationship of Moral Judgement to Moral Action I Kurtines, W.M./Gewirtz, J.L (ed): Morality, Moral Behavior, and Moral Development. Miami, Florida.

Mæland, B. (2002): «Militær nødvendighet og livets ukrenkelighet», Norsk Statsvitenskaplig Tidsskrift, vol 18, no 3:225-246.

Olsen, O.K (1999): Moralsk tenking og yrkesutøving i Sjøforsvaret. Hovudfagsoppgåve ved Norsk lærerakademi vitenskapelig høyskole. Bergen.

Ponemon, L. A./Gabhart, D.R.L. (1994): «Ethical Reasoning Research in the Accounting and Auditing Professions.» I Rest, J./Narvàez,D. (1994) : Moral Development in the Professions. Psychology and Applied Ethics, Minnesota.

Rest,J./Narvaez, D./Bebeau, M./Thoma, S.J (1999): Postconventional moral thinking. A Neo-Kohlbergian approach, Minnesota: Lawrence Erlbaum Associates, Publishers.

Rest, J./Narvàez,D. (1994): Moral Development in the Professions. Psychology and Applied Ethics, Minnesota.

Rest, J. (1986): Moral Development. Advances in Research and Theory. Minnesota: Wiley & Sons.

Rest, J. (1984): «The Major Components of Morality.» I Kurtinez, W./ Gewirtz, J. (ed): Morality, Moral Behavior, and Moral Development. Florida: Wiley & Sons.

Rest, J. (1979): Development in Judging Moral Issues. Minnesota.

Rørvik, H. (1989): «Moralforsking i Piaget-Kohlberg-tradisjonen. Ein kritikk I Bergem (red): I Lærerens Hånd. Artikler med søkelys på etiske utfordringer i undervisning og oppdragelse.Bergen: NLA-Forlaget.

Turner, N./Barling, J./Epitropaki,O./Butcher, V./ Milner, C. (2002): «Transformational Leadership and Moral Reasoning.» I Journal of Applied Psychology, 2002, Vol 87. No. 2, 304-311.

 

Fotnoter   [ + ]

1. Difor utelet eg og kritikk av teorigrunnlaget, sjølv om teorien er heftig debatert siste 40 åra, og framleis engasjerar både lek og lærd. Ei oversikt over vesentlege deler av kritikken finn ein hjå Rest, 1986;1994;1999 og Kolberg, 1981:1984a og 1984b.
2. Rest ser fire psykologiske prosessar som betinging for moralsk atferd: 1. «Moral sensitivity», som handlar om evne til å oppfatte moralske utfordringar i konkrete situasjonar, og kunne forestille seg ulike moralske handlingsalternativ 2. «Moral judgment», der ein i større eller mindre grad evnar å beslutte seg for beste moralske handlingsalternativ 3. «Moral motivation» som handlar om det moralske subjekt si evne til å prioritere moralske verdiar framfor andre (til dømes dilemma mellom «whistle blowing» eller karriere, eller personleg sikkerhet ift livsfarlege men nødvendige militære oppdrag). 4. «Moral character/moral implementation» der den moralske aktør evnar å stå mot sosial motstand, vise mot, vinne gehør og implementere moralsk atferd.
3. Merk at Rest (1979) finn at moralsk kognisjon og generell intelligens er relativt adskilte størringar. Høg IQ samvarierar med andre ord lite med evne til moralsk tenking, som igjen framstår som ein distinkt kapasitet.
4. Kohlberg ser i motsetnad til Rest ein meir direkte samanheng mellom moralsk tenking og atferd (Kohlberg/Candee, 1984).
5. Medan Kohlberg hevdar at me kun kan vere på eit utviklingsnivå om gangen, hevdar Rest at dette er situasjonsavhengig, og at me kan bruke meir avansert tenking i nokre situasjonar, avhengig av kompetanse. Moralsk utvikling for Rest vert når me totalt sett nyttar tenking på høgre nivå enn før (Rest, 1979).
6. Upubliserte målingar på SKSK KS 1 og KS 2 kull på Sjøkrigsskolen i 2000 og 2003 underbygger dette då det ikkje er skilnad på målenivå mellom dei yngre KS 1 kadettane og dei eldre KS 2 kadettane.
7. Eg velger her ut frå plassomsyn kun å referere resultata verbalt (Sjå Kjellevold Olsen, 1999, for tabellar).
8. Faktoranalyse gir fire «cluster» for tenesteuttalinga. Noko som tyder på at evalueringa kun diskriminerer på fire aspekt ved yrkesutøvinga, og ikkje 10 aspekt slik antalet variablar gjev inntrykk av. Fleire variablar måler med andre ord omtrent same type atferd (Kj. Olsen, 1999).
9. Her kunne fleire forhold vore diskutert. Mellom anna viser Turner m.fl. (2002) positiv samanheng mellom prinsipiell moralsk tenkemåte og transformasjonsledelse. Me finn og samanheng mellom moralsk tenkemåte og god klinisk praksis blant både sykepleierar, legar, vetrinærar og lærarar (Rest, 1986; 1994). Shields og Bredemeier finn til dømes at basketballspelarar med lite utvikla moralsk tenkemåte framstår som meir aggresive enn medspelarar med godt utvikla moralsk tenking (sjå Rest, 1994).
10. Milgram undersøkte i kva grad respondentar ville påføre andre støt som følge av autoritetspress.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.