Om varslaren

Berre den som kan kaste den fyrste steinen, bør ta på seg varslarrolla.

Nowadays men often feel that their (…) lives are a series of traps. They sense that within their everyday worlds, they cannot overcome their troubles, and in this feeling, they are often quite correct
(Mills, 1959. s. 3).

Slik byrjar C. Wright Mills teoriklassikaren The Sociological Imagination frå 1959.Observasjonen er meint ålment, men truleg er den òg ei svær presis skildring av dei kjenslene ein kvar varslar – the whistleblower – må hyse når det står på som verst.

Underskrivne har ikkje nokon omfattande forskarkompetanse på dette som må seiast å vere ein relativt ny språkkonstruksjon – men som truleg har vore ein del av menneskeslekta sidan samfunn oppstod – det amerikanarane altså kallar «fløyteblåsar», men som på norsk ser ut til å etablert seg under nemninga «varslar.»

Mi erfaring er på feltet at eg har skrive éi bok om ein konkret varslar, professor Ola Didrik Saugstad. Utover dette har eg drive ein del journalistikk om personar som er vorte forfølgde av dette som så ofte vert kalla «systemet». Her vil eg på basis av personleg røynsle og noko sosiologisk teori prøve å kome med nokre meir eller mindre ålmenne refleksjonar rundt temaet.

Sidan eg går ut i frå at ein del av lesarane har lese lite om problematikken, vil eg repetere, men med noko ulike vinklar, det eg meiner er dei viktigaste poenga fleire gonger. Eg reknar med å møte forståing for det frå lesarar av eit militært tidsskrift. Verdien av drill kan ikkje overvurderast.

Mi halding er mykje denne, og ho er diverre nokså banal: Ja, varsling er av og til nyttig, men det er nær uråd, truleg heller ikkje ynskjeleg, å lage eit regelverk som gjev alle som varslar eit omfattande nok vern. Mellom anna er fenomenet for komplekst til det, noko som elles syner seg i litteraturen om problemet. Det har til dømes etter mitt syn ikkje etablert seg nokon omforeint definisjon på kva ein varslar er for noko. Fleire definisjonar har nærast noko parodisk ved seg.

Fafo-forskarane Marit Skivens og Sissel Trygstad, som har skrive notatet Varsling i norsk arbeidsliv, eit av dei få døma på norsk forsking kring fenomenet, har gjeve denne definisjonen:

1) En arbeidstaker sier ifra 2) til en person eller instans som kan gjøre noe, 3) om et begrunnet kritikkverdig forhold på arbeidsplassen, og 4) at arbeidstaker har sagt ifra på arbeidsplassen, uten at det innen rimelig tid har resultert i diskusjoner om eller endringer i det kritikkverdige forholdet. Sistenevnte kan fravikes (Skivens, Trygstad, 2005, s. 19).

Problemet med ein slik definisjon er at han gjer dei fleste arbeidstakarar til varslarar. For kven har vel ikkje opplevd noko som samsvarar med denne definisjonen? Sett på spissen: Ein lærar som seier frå om mangel på kritt, og som ikkje oppnår å verte høyrd, vil her vere ein varslar. Og dersom vi alle er varslarar… vel, då er ingen varslar.

Mangel på gode definisjonar har likevel ikkje vore til hinder for mykje forsking om kven varslaren er. Litteraturen er her omfattande. Hovudkonklusjonen om kven vedkomande arketypisk er, ser omtrent ut til å vere denne: «Det er helst ein mellomaldrande eller litt eldre, lett nevrotisk og svært intelligent mann med ein tendens til å dyrke outsiderrolla». (Ei bok eg særleg vil tilrå om temaet, er C. Fred Alfords Whistleblowers: Broken Lives and organzational Power).

Frå ein ståstad finn eg eit slikt funn lite forklarande. Det vert for ålment. For nett det same kan seiast om dei dyktigaste professorane i matematikk, gode forfattarar, nobelprisvinnarar og så vidare. Det eit slikt funn viser, er at på lik linje med nobelprisvinnarar, professorar i matematikk og gode forfattarar, er dei vi oppfattar som varslarar personar som vert sett i kraft av å vere dyktige, analytiske, urolege og velartikulerte.

Truleg er konklusjonen òg delvis feil. Dei fleste forskingsprosjekt er naturleg nok gått føre seg etter at varslinga har skjedd og på personar som på eit eller anna vis er vorte aksepterte som varslarar. Forskinga har med andre ord ikkje teke – eller kunne teke – høgde for at det er langt fleire som varslar enn som vert høyrde.

Frå ein annan ståstad meiner eg likevel at funnet til ei viss grad er til hjelp når vi skal prøve å finne varslaren, eller meir presist – den nyttige varslaren. For, vil eg påstå, ein nyttig og reell varslar vert du ikkje før du kan og har sjølvtillitt nok til føre ein prinsipiell og gjennomtenkt argumentasjon for at nett du av samfunnet rundt deg skal forvente å verte oppfatta og godkjent som varslar, og at dette samfunnet i sin tur ser deg som varslar.

Sagt på ein annan og noko pretensiøs måte: Eg meiner altså at fenomenet må forståast vidt syntaktisk meir enn isolert semantisk.

Nett her ligg årsaka til at eg var villig til å skrive historia om Ola Didrik Saugstad.Bakgrunnen for boka er denne: Forlaget Spartacus tok kontakt med meg og spurde om eg ville møte ein person som etter deira syn var ein varslar og det difor burde skrivast bok om. Eg takka ja til eit slikt møte, men eg var skeptisk. Eg rekna med at eg på ny skulle få høyre meir eller mindre velgrunna sutring frå ein person som meinte seg utrettvist handsama, men som ikkje sjølv var i stand til å forklare kvifor.

Difor vart eg noko forundra då eg møtte opp på forlaget, og det synte seg at personen det var snakk om, var professor i pediatri Ola Didrik Saugstad. Sidan eg hadde møtt han ein gong før, visste eg ein del om Saugstad. Eg hadde intervjua han for Morgenbladet då eg i si tid var tilsett i den avisa. Mellom anna visste eg at han var ein av Noregs gjennom tidene internasjonalt mest siterte forskarar. Eg visste òg at han i kraft av å vere sjef for Pediatrisk forskningsinstitutt ved Rikshospitalet og UiO hadde uoffisiell norsk rekord i produksjon av doktorandar.

Sagt på ein annan måte: Det verka nesten for utruleg at han skulle vere ein varslar. Eg høyrde så på det han hadde å fortelje og fekk tilgang på dokumenta i saka, og eg vart altså overtydd om at han var ein reell varslar.

Historia er i korte trekk denne: Saugstad hadde åtvara mot eit forskingsprosjekt på lungesjuke småborn. Han meinte prosjektet var dårleg og farleg. Sjefen ved Barneavdelinga ved Rikshospitalet overkøyrde Saugstad og tok ansvaret for prosjektet. Minst eit born døydde for tidleg grunna forskinga. Då Saugstad vart klar over det, sa han frå til leiinga ved Rikshospitalet og ved Det medisinske fakultet. Det gjekk som ein kynisk nok kunne vente:

For å ha sagt ifra, ble han baktalt av sine kollegaer, omtalt som hevngjerrig og forsøkt frosset ut fra sin arbeidsplass. Han ble beskyldt for løgn av dekanatet ved Det medisinske fakultet og refset av Rikshospitalets ledelse. Han ble truet med søksmål, anklaget for forskningsjuks og utsatt for en helt spesiell prosess i regi av Forskningsrådet. I tillegg ble han fortalt at han karriere som internasjonal forsker ville bli ødelagt (Hustad, 2006, Spartacus, s.8).

Saugstad overlevde altså likevel. Han er framleis i arbeid og han publiserer like mykje som før. Mi interesse vart ikkje så mykje vekt av det at han hadde vorte forfylgd, men at han hadde overlevd og til sjuande og sist fått rett.

Boka er meir skildrande enn analytisk, og eg freistar ikkje å gje noko grunnleggjande forklaring på kvifor konflikta oppstod. Men om eg likevel skal prøve å gje eit svar, vil eg hevda at ho var resultat av ei innbygd konfliktline på ein kvar universitetklinikk; konflikta mellom normsystemet til akademia og normsystemet til lauget (les lækjarstanden). Idealtilstanden i akademia er søkinga etter så sikker kunnskap som råd er. I akademia kjenner vi berre saka, ikkje personen. Lauget fungerer annleis, her er det fleirtalet og mediangruppa som legg lista, dette som Mills kallar «closing the ranks on the part of the mediocre (Mills, 1959, s. 102)» (vonde tunger vil hevda at ein slik obervasjon gjeld i akademia òg, noko som sikkert kan vere delvis sant, men dei fleste kan truleg vere samde om at det ikkje er idealtilstanden).

Saugstad meinte at det som var idealtilstanden i akademia óg burde vere tilstanden på klinikken. Saugstad kom som ung mann attende til Oslo og Rikshospitalet etter forskingsopphald i Sverige og USA. Allereie i det han kom heim, var han meir sitert enn nokon annan i det pediatriske miljøet i Noreg. Formelt aksepterte det akademiske systemet at han var meir kvalifisert enn dei andre i miljøet. Han vart rakst utnemnd til den mest prestisjetunge forskingsstillinga innan norsk pediatri. Han vart sjef for Pediatrisk forskingsinstitutt, ei stilling som var uavhengig av Barneklinikken.

Som leiar av ei slik livsform eller småsamfunn fylgjer automatisk rettar. Som Erving Goffman skriv i annan teoretisk sosiologiklassikar The Presentation of Self in everyday Life, også frå 1959:

Society is organized on the principle that any indvidual who possesses certain social characteristics has a moral right to expect that others will value and threat him in an approprate way (Goffman, 1959, s. 13).

Ein del av den rolla Saugstad var tildelt, var retten og plikta til å seie ja eller nei til forskingsprosjekt. Han fekk prosjektet som fekk slike fatale konsekvensar på sitt bord og sa nei til det i si dåverande form. Her var det at det uheldige hende. Sjefen på klinikken, som ikkje hadde spesialkompetanse på det aktuelle forskingstemaet, lungefunksjon hos nyfødde, greip inn. Han overtok ansvaret for prosjektet, utan å ha nokon formell rett til det og utan å krevje endringar. Saugstad la då saka fram for det etiske råd, men vi veit ikkje om rådet tok kontakt med klinikksjefen.

Då det tidligare nemnde barnet døde, sa klinikksjefen på morgonmøtet i lækjarlauget at saka ikkje skulle rapporterast. Alle til stades var samde og dermed slutta «laugsrekkja seg rundt den middelmådige.» Då Saugstad fyrst fleire år seinare vart gjort merksam på dødsfallet, kunne han som akademikar og lækjar ikkje leve med eit så klart brot på det offiselle normsystemet som han sjølv var den fremste representanten for. Dermed byrja, for Saugstad, «the troubles».

Kunne eg så til dømes ha skrive ei liknande bok om ein alkoholisert, sliten og uartikulert psykiatrisk hjelpepleiar? Eg er redd svaret altså må vere nei. For same kor mykje vi skulle ynskje det, det er nær uråd å skrive om ei kritikkverdig haldning eller handling utan å omsyn til personen og personlegdomen som varslar om det eventuelt kritikkverdige. I mitt virke som journalist har eg fått særs mange tips og førespurnader frå personar som vil at eg skal skrive om nett deira varsling, ei varsling som etter desse personane sitt syn har vore rett og som samstundes har leia til at dei er vorte fjerna frå sin tidlegare arbeidsplass. Grunnen til at eg nær alltid har valt å svare nei på desse førespurnadene, er at eg i dei fleste tilfelle raskt har kome til at arbeidsgjevar truleg har gjort rett i å fjerne desse personane.

Eit døme: Mellom medisinske forskarar ved Rikshospitalet og Ullevål universitetssjukehus har det lenge vore ei uoffisiell sanning at dei fleste kirurgiske miljøa på desse to institusjonane har ein for låg akademisk standard. Kort tid etter at eg hadde gjeve ut «Varsleren», fekk eg tips om dette frå ein som hadde vore på innsida og som var villig til å stå fram. Eg granska saka og fann at vedkomande hadde mykje rett i påstandane sine, men eg fann ikkje nokon andre som var villig til å stå ope fram med dette.

Det eg òg fann, var at vedkomande tipsar etter mykje å døme hadde vorte rettmessig fjerna frå ei stilling i miljøet. Eg meinte at eg som journalist ikkje kunne utsetje vedkomande for det presset han eller ho heilt sikkert ville verte utsett for dersom eg let personen stå offentlege fram.

På bakgrunn av personlege erfaringar og litteratur om temaet: Kvar ligg så nytta av det eg meiner er den gode og legitime varslaren? Kort formulert ligg ho her: Nytta ligg nett i dette at vedkomande er i stand til å fortelje oss om nytten av å fylgje dei meir eller mindre artikulerte reglane som denne livsforma, verksemda, organisasjonen, er bygd opp etter. Med fare for å gjenta meg sjølv: Det held altså ikkje å fortelje at reglar er til for å fylgjast, vedkomande må vere i stand til å fortelje kvifor det er opportunt å fylgje desse meir eller mindre formelle reglane.

Dermed må vi stille oss eit nytt spørsmål: Korleis oppfattar vi kva som er opportunt? Kven eller kva representerer vi når vi vel? Oss sjølve eller noko større? Og med det er vi over på eit av dei mest utterpa filosofiske og samfunnsvitskaplege diskusjonane: Er vi styrt at ytre normer eller strukturar, eller indre drifter og lyster?

Svaret er som alltid sjølvsagt både og, og at vi ikkje kan sjå det eine isolert frå det andre. Spørsmålet er likevel kvar vi skal leggje vekta. For min eigen del er eg ikkje i tvil. Her er eg langt meir av ein weberianer enn ein durkheimianer. Eg trur altså menneske flest vel mammon framfor ein rettferdig Gud (og her må eg be om forståing for at eg ikkje leverer ei eksegese om kva eg meiner med Gud og mammon, omgrepa må forståast metaforisk og i svært vid forstand) og nett difor er den gode varslaren så vanskeleg å finne. Opportunistar flest liker naturleg nok ikkje å høyre på andre opportunistar.

Fredrik Barth har i eit intervju med underskrivne i Forskerforum spissformulert sagt fylgjande, og som vi veit, intervjuforma gjev lite rom for nyansar (for ein gjennomgang av Barths teoretiske grunnsyn, er artikkelsamlinga Manifestasjon og prosess frå 1994 ein god start, det er ei omsetting av hans fram til då meste sentrale teoriartiklar):

Dersom det lønner seg å gjøre noe annet enn hva man har gjort før eller blitt fortalt man skal gjøre, ja, så gjør man det. En hver samfunnsordning er under stadig press fra folk som vil lure seg unna eller bruke den til egen fordel. Er ikke et samfunn konstituert slik at det bestyrker seg selv, vil folk komme til å undergrave det (Hustad. 2006, Forskerforum, s. 19).

Gjeve at dette er rett, noko eg altså meiner det er, må eit kvart samfunn eller livsform ha mekanismar som gjer at snyltarar, free-riders, ekstreme sutrarar og liknande kan støytast ut. Relevansen i høve ei lovregulering av fenomenet varsling er dermed dette: Både psykopatar, kriminelle, gangløyser og så vidare kan isolert sett ha rett i at dei er vorte utsett for noko kritikkverdig som kan falle inn under ein eller annan definisjon av varsling, men dette kan altså ikkje vurderast, same kor mykje vi av og til måtte ynskje, avsondra frå resten av framferda til den og den personen. For «a discreditable disclouser in one area of an indvidual’s activity will throw doubt on the many areas of acitvity in which he may have nothing to conceal (Goffman, 1959, s. 65)».

Vi bør difor etter mitt syn ikkje lage eit formelt regelverk som gjer at vi vernar individ som ikkje bør vernast, og med det kan vi heller ikkje lage eit formelt regleverk som vernar desse som vi bør ynskje at står fram med si varsling (det handlar om rettsstatlege prinsipp som det ikkje er plass til å gå inn på her, som handling isolert frå intensjon og person). Det er diverre ikkje slik at alle problemfelt eignar seg like godt for lovregulering.

Og nett fordi det må vere på dette viset, får desse få individa som vi altså bør verne, det så vanskeleg, desse som «cannot overcome their troubles», men som likevel må gjere det skal dei ha ei von om i vid forstand å overleve.

Difor er mitt råd til alle som lurer på om de bør varsle; gjer det ikkje. Og til deg som likevel gjer det, forvent ikkje å møte ros og vennskap, og sjå for all del ikkje på deg sjølv som krigar for den gode saka. Vit også at dersom du ikkje maktar å forklare kva fordelen eller verdien for dei andre i den livsforma du er ein del av har av å høyre på deg, så vil du ikkje overleve som ein del av denne livsforma. Du vil anten møte reint fiendskap eller i høgda, likesæle. For igjen å sitere Mills:

Suppose people are neither aware of any cherished values nor experience any threat? That is the experience of indifference, which, if it seems to involve all their values, becomes apathy (Mills, 1959, s. 11).

Kva kan så gjerast? Problemet og den eventuelle løysinga – om ho i det heile er mogleg – ligg i den meir eller mindre ålmennmenneskelege opportunismen, eller i kven vi vel til å styre oss. For varsling er og vert eit leiingsproblem.

Problemet eller spørsmålet kan formulerast så enkelt som dette: Når skal ein leiar seie folk opp og når skal ein leiar høyre på rettvis kritikk? Svaret ligg etter mitt syn i den debatten som nær automatisk fylgjer det som er dei store og viktige sakene det er vorte varsla om; ein debatt som bør førast i eit så stort rom som råd er og som til sjuande og sist må vere den rettesnora den eller dei som skal ta den endelege avgjerda, må eller vert tvungen til å fylgje.

Dei fleste som har erfaringar frå fleire arbeidsplassar, vil eg våge å påstå, veit at langt dei fleste leiarar ikkje er særmerkt gode og heilstøypte menneske. Dei fleste leiarar har ikkje vorte leiarar av di dei er spesielt intelligente eller fordi dei har eit heilskapleg samfunnssyn. Stort sett er dei vorte leiarar av di dei var dei einaste som takka ja til stillinga eller fordi dei har vore – på basis av sin personlege verdiskala – opportunistar nok til ikkje å ha ytra seg kritsk til tidlegare leiarar.

Sjølvsagt finst det mange unnatak frå ein slik regel, kanskje særleg i verksemder i privat sektor som er utsett for sterk konkurranse. Slike verksemder vil, i det minste om ein skal tru liberalistar, verte konkurrert ut av marknaden dersom dei ikkje vert godt leia.

Men i offentlege verksemder er det ikkje slik. Dei er nett organisert på offentlege hender av di eit fleirtal av oss meiner dei ikkje eignar seg for konkurranse. Difor er dei fleste offentlege leiarar personar som styrer – i det minste i eit avgrensa geografisk område – ei monopolverksemd. Og nett fordi dei er monopolverksemder, må leiarane utsetjast for eit så sterkt lys som mogleg.

Svaret på kva vi kan gjere for dei naudsynte varslarane – kven dei altså no måtte vere sidan vi per definisjon berre kan vite sikkert i ettertid – er altså etter mitt syn ikkje å skape eit regelverk isolert for desse, men at vi syrgjer for at den offentlege innsynsretten er så vid som råd er. Grunnen til at eg meiner dette, er at dei ureflektere opportunistane på lik linje med dei fleste andre, også er redde; dei er redde for å verte avslørt og dei er redde for å miste stillingane sine. Ola Didrik Saugstad overlevde mellom anna av di han hadde rett og fordi han makta å løfta saka ut av det rommet ho fyrst oppstod i. Argumentasjonen hans var enkel og effektiv: Skal forsking vere god, må ho fylgje fastlagde kriterium. Skal eit offentleg helsevesen overleve og ha truverd, må pasientar og pårørande kunne vente at dei ikkje vert utsett for noko uetisk. Dette er eit døme på rett og reflektert type opportunisme, ei opportunisme basert på eit heilskapleg syn på kva ein god institusjon og eit godt samfunn må styrast etter.

Saugstad såg med andre ord at her stod det om institusjonens langsiktige overleving. Hans motstandarar er døme på feil type opportunisme. Dei valde den enklaste løysinga: Dårleg forsking og dårleg etikk i bytte mot kortsiktige vinning og kortsiktig fred.

Kvifor vart så Saugstad høyrd av personar og institusjonar utanfor sitt eige arbeidsmiljø? Dei fleste vil no kjenne mitt svar: Av di han var ein truverdig person. Det var sjølvsagt også difor leiinga ved Det medisinske fakultet, Forskingsrådet og Rikshospitalet førde ein så desperat kamp mot han. Dei utan eit ålment truverd treng ein ikkje nytte mykje energi på å trampe ned.

I dette at systemet likevel tapte, ligg vona. Men eg er altså òg sikker på dette: Hadde ikkje Saugstad hatt ein plettfri vandel, hadde han ikkje vore ein person med høg integritet, så hadde han vorte øydelagd av dei same kreftene som til slutt hjelpte han.

Min konklusjon er altså denne: Berre den som kan kaste den fyrste steinen, bør ta på seg varslarrolla. Vi som ikkje kan det, bør av omsyn til oss sjølve og dei som står oss nære, late all von fare og finne oss ein annan arbeidsplass.

Den fremste oppgåva for våre politikarar ligg i å halde råka open. I skrivande stund kjem det fram at Rikshospitalet nektar journalistar å intervjue pasientar ved sjukehuset dersom sjukehuset ikkje får sensurere det pasientane svarer.

English Summary

Abstract: the author has written a book about a whistle-blower, professor ODS. In his profession as a journalist the author has also encountered many other people who view themselves as whistle-blowers. He has come to the conclusion that is not plausible to establish a legaslative protection for whistle-blowers. He would also warn everyone against taking on this role, as the cost may become too high.

Litteraturliste

Alfords, C. Fred. 2001. Whistleblowers: Broken lives and organizational Power. Ithaca, N.Y.: Cornell University Press.

Barth, F. 1994. Manifestasjon og prosess. Oslo: Universitetsforlaget

Goffman, E. 1959. The Presentation of Self in everyday Life. New York: Anchor Book

Hustad, J. 2006. «En time med Barth» Oslo: Forskerforum 2.

Hustad, J. 2006. Varsleren. Oslo: Spartacus

Mills, C. Wright. 1959. The sociological Imagination. Oxford Universty Press: New York.

Skivens, M. og Trygstad, S. 2005. Varsling i norsk arbeidsliv. Hva betyr det og hva vet vi. Oslo: Fafo-notat,

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.